Monday, March 16, 2009

Vår =)

Det er ei herleg tid. Veit eg har skrive om våren her før. Men eg gjer det igjen! Alt våkner til liv når det vårast, og det er herleg. Den dumme vinterdepresjonen letnar i taket, og fuglane syng!

No er eg ute i praksis, det er ei spanande tid, få prøve ut det ein har lært så mykje om - forhåpentligvis!

Eine kjipe er at ein liten forkjøling har klart å snike seg innpå meg...:-( Den er litt kjip, men det går vel fort over. Tek livet med ro, sjølv om det er keisamt å sitje i senga med laptopen på fanget, og tv'en foran seg. Sånn er det, når ein har soverom og stue på eit stakkarslig studentrom. Det skal bli deilig å flytte til sin eigen hybel gitt!

Kva hausten vil bringe, er ikkje lett å seie... Der er ting litt usikkert framleis. Grue meg litt til å måtte søkje på jobbar og diverse, men det er ein prosess som alle går igjennom.

Karl den 3 går på tv no, ikkje like morosamt så dei andre seriene han er med i... Men heilt grei underhaldning når ein er sjuk, og det er lite anna vettugt å finne på.

I morgon skal eg i praksis att, det vert spanande kva den dagen har å by på. Forhåpentligvis litt meir enn dagen i dag!

Eg gler meg til å verte frisk =)

0 comments: